Sist oppdatert 28-12-2008.










Nettside for
Otto Vikane
Dagny Helland
Tlf 53662289
Epost:
otto.vikane@rogdo.no

Litt om drifta på bruket vårt

Rogdo 62/6

 

I jordebøkene og omtalane i grunnlag for matrikkelen er Rogdo sett på som ein simpel gard på 16- og 1700-talet. Garden er ”temmelig til ager og eng og ingen anden lunder til” heiter det i jordeboka.

I 1723 seier matrikkelen at jorda er turr, steinet og tungvunnen. Garden har korkje støl eller skog, heiter det.

Litt av dette er vel overdrive for å sleppa skatt, men noko sanning er det nok i det likevel. Dei sleit for levemåten med mange i familiane på kvart bruk.

 

Stølar

Frå gamal tid har garden støla på Rogdastølen som ligg rett opp frå gardstunet i om lag 700 meters høgd.

Ikring 1790 tok ei svær snøskrede med seg stølshusa og sopa dei vekk. Rogdingane fann det ikkje tilrådeleg å byggja opp att stølshus her, og tok i veg austover Hardangervidda slik som mange andre.

I 1820 tok dei så utrop på beitet Hansbulægeret i Kvennodalen.

Det var langt og tungvint å koma seg fram og attende til Hansbu med krøter og utstyr. Difor var det ikkje så lang tid det vart støla der inne.

I staden vart nokre store hellerar laga til som heve for folk og dyr oppe på Rogdastølen, og det vart støla her oppe til kring 1900. Etter den tid vart utmarka og Mjøstølen ute ved Rogdatjørna nytta til storfe så lenge det var slike på Rogdo.

Hansbu er etter 1950 vorten teken i bruk av reinsdyrjegrar som kjem alle stader frå. Her er det råd å landa med fly, og i jakttida er det lov å transportere kjøt heim med traktor herifrå. Det var rogdingar som køyrde opp denne slepa med traktor midt på 1950-talet.

Det vart sett opp ein del nye hytter på 1980- og 1990-talet, slik at det no er ein moderne hytteby der inne, men den er diverre ikkje berre Rogdo sin lenger.

 

Jektefart

Sidan det var knapt med levemåten på gardsbruka på Rogdo, fann dei ein grei utveg til å tena litt ekstra på. Det var fleire som kjøpte seg jekter, og dreiv i fraktefart.

Sume med varer fram og attende til Bergen by, sume med fiskelaster langs Vestlandskysten, og enkelte reiste heilt til Lofoten og handla fisk, salta den ned, og tok den med sørover til turking.

Oldefar min hadde jakta Brødrene som han dreiv alle desse typane fraktfart med i 1880 – 90 åra.

 

Dyrehald

Frå gamalt av var målet med husdyrhald å livberga folka på bruket. Såleis var det kyr nok til mjølk, sauer nok til kjøt, og gris og høns etter som det høvde.

Sume hadde ei geit eller to, slik at dei hadde mjølk heime om sommaren når kyrne var på stølen.

På 1800-talet var det god forteneste i å levere smør, så kutalet heldt seg høgt på Rogdo heilt til litt ut på 1900-talet då fruktdyrkinga kom inn for fullt.

Frå 1860 har sauetalet halde seg jamnt heilt til i våre dagar, og er no det einaste dyreslaget i nyttesamanheng.

Elles hadde nesten alle gardsbruk ein hest til nødvendig transport. Men hesten vart avløyst av traktoren på 1960-talet.

I dag har folk hest for moro.

 

På vårt bruk har me i dag om lag 30 sauer og 7 høner.

 

Fruktdyrking

På Rogdo vart det planta frukttre utover heile 1800-talet slik som andre stader i Hardanger, men omfanget auka ikkje før kutalet minka kring 1920. Då vart det planta både plommer og pærer, men mest eple nesten over alt på Rogdo.

I tida frå 1930 og fram til 1960 var det gode tider for fruktdyrkarane, og mange kvitta seg med storfehaldet i same tida.

Etter 1970 gjekk talet på frukttre raskt nedover, og no er det berre tre bruk  som har fruktdyrking til næring.

 

På vårt bruk har me i dag om lag 200 epletre og 400 plommetre.

 

Jordbær

Jordbær har vore dyrka på Rogdo i lange tider. Når kommunikasjonane vart så bra at det gjekk an å senda ferske bær til Oslo og Bergen, vart det fart i jordbærdyrkinga i heile fjorden, også på Rogdo.

Frå 1950 auka arealet av jordbær monaleg her på Rogdo. Dei fleste bruka planta jordbær i åkrane sine, og avling og forteneste var bra.

Etter 20 års tid vart det mindre avlingar, med det mindre forteneste, og litt etter kvart har jordbæra gått ut på Rogdo.

 

På vårt bruk har me i dag ½ dekar jordbær.

Nok til eige bruk, og litt til gjester/ naboar.

03.03.2006 Otto Vikane