Sist oppdatert 11-10-2009.










Nettside for
Otto Vikane
Dagny Helland
Tlf 53662289
Epost:
otto.vikane@rogdo.no

 

Litt om Rogdo si soga.

Natur

Rogdo ligg i lia rett oppom Kråkevik, og tunet ligg på 270 meters høgde. Rett ovanfor gardstunet ligg eit berg som skjermar husa mot snøskredene. Vidare oppover går fjella høgt til vers, med Torsnut som den høgaste tinden. Den er 1572 meter over Sørfjorden.

Den dyrka marka hallar til liks med liane, og er helst tungdriven.

Om lag 1 km nord for tunet ligg Langetjørn, eller Rogdatjørna som ho vert kalla i daglegtalen. Området ikring er ein idyll, og vert mykje nytta til turgåing.

 

Namnet

Gardsnamnet Rogdo har ikkje noko sikker tyding. I boka Norske Gaardnavne har Oluf Rygh gissa på at det kan ha samanheng med rage, noko høgt og smalt. Dette kan såleis høva med dei lange skredrennene som går frå 1500 meters høgde og like i fjorden. Desse passerer rett sør for tunet så og seie kvar vinter.

 

Busetnad

Både gardsnamnet og fleire fornfunn tyder på at Rogdo er ein gamal gard. Det gjort funn i eit område nedom tunet som heiter Heiaberg. Der er det funne fleire gravhaugar som diverre er jamna med jorda. Dette var nok kultstaden til dei gamle rogdingane. Her vart det funne ei sandsteinøks og ein slipestein av kvartsitt frå steinalderen, ein gullspiral, skjoldbukle, piler, økseblad og spydoddar. I ei anna grav vart det funne ymse våpenrestar frå yngre jarnalder.

Det har tydelegvis budd folk her på Rogdo i mange, mange år….

03.03.2006 Otto Vikane